Sognhavoll
Ei 9-holsbane med varierte hol i skogsterreng. Fleire utslagsstader skal gi utfordringar som passar ulike ferdigheiter.
9 holSognhavoll er eit prosjekt for meir enn berre golf. Det er eit anlegg som tek utgangspunkt i landskapet, historia og identiteten i Sogn, og som vil gje både Sogningar og tilreisande ei heilt særmerkt oppleving av natur, aktivitet og fellesskap med Sognefjorden og fjella som kulissar.
Sognhavoll er eit planlagt golfanlegg i Festingdalen i Kaupanger. Lyng, furuskog og terreng skal gi bana sitt særpreg — og fellesskapet skal gi anlegget liv.
Visjonen er ei 9-holsbane, AMLA kortholsbane, driving range og eit sosialt samlingspunkt. Eit tilbod for familiar, juniorar, erfarne golfarar og dei som aldri har halde ei golfkølle før.
Frå korte treningsøkter til ei heil runde. Tre tilbod som utfyller kvarandre.
Ei 9-holsbane med varierte hol i skogsterreng. Fleire utslagsstader skal gi utfordringar som passar ulike ferdigheiter.
9 holSeks korte hol for dei første golfopplevingane, familierunda og nærspelstrening. Namnet heidrar Amla og historia i Kaupanger.
6 hol · for alle nivåDriving range, practice green og eit planlagt klubbhus. Ein stad å lære, øve og samlast før og etter runda.
Treningsområde · sosial møteplassSjå den førebelse masterplanen.
Sognhavoll er anlegget me vil skape. Sogn Golfklubb er fellesskapet rundt golfen — for dei som bur her, og dei som kjem på besøk frå inn- og utland.
Ambisjonen er eit regionalt tilbod som skapar bulyst, samt ein attraktivitet for reiselivet med mål om å freiste turistar til å besøke Sogn for ei unik golfoppleving.
For deg som ønskjer å bidra til at golfanlegget i Festingdalen vert ein realitet.
Det førebelse konseptet er eit bidrag øyremerkt anlegget, med fordelar når bana opnar.
Forslaget omfattar 1 000 kr i årleg rabatt på spelerett i 15 år, alternativt to greenfee-billettar årleg, og invitasjon til opningsarrangement. Endelege vilkår skal avklarast før innmelding.
Pionerordninga er eit forslag. Denne sida tek ikkje imot innmeldingar eller betaling.
Sognhavoll vert utvikla steg for steg. Planavklaring, forprosjekt og finansiering legg grunnlaget for vidare gjennomføring.
9-holsbane, AMLA kortholsbane, treningsområde og sosial sone inngår i konseptet.
Vidare utvikling er avhengig av kommunal planhandsaming og nødvendige undersøkingar.
Detaljplanlegging, avtalar og finansiering skal avklarast før byggjestart.
Opningstidspunkt vert fastsett når planvedtak og gjennomføringsgrunnlag er på plass.

Treverk, utskorne detaljar og namn med røter i norrøn forteljing. Me utforskar korleis Sognhavoll kan få ein eigen identitet, frå det første møtet med anlegget til skilta ute på bana.
Ein raud tråd mellom natur, historie og golf — med Sognefjorden som bakteppe.
Nei. Sognhavoll er under planlegging. Banekartet viser eit førebels konsept, og anlegget er ikkje ope for spel.
Anlegget er planlagt for ulike aldrar og nivå. AMLA kortholsbane skal gi ein låg terskel for å prøve golf, medan hovudbana skal gi utvikling og utfordringar over tid.
I Festingdalen i Kaupanger, om lag 250 meter over Sognefjorden. Området ligg ved SIMAS.
Sognhavoll er namnet på golfanlegget og golfopplevinga. Sogn Golfklubb er klubben og fellesskapet knytt til anlegget.